NYPOTETER
Me har nå starta salet av årets nypoteter. I år har me sortane Aksel og Solist. Du får kjøpt potetene våre her:
- I garasjen vår på Hebnes frå 2. juli 2020
- På nærbutikken vår, Joker Vatlandsvåg frå 3. juli 2020
- Gjennom REKO-ringen Haugalandet og Grannardistriktet
OM OSS
Dette er garden vår Bakkjen på Hebnes i Suldal. Her driv me med gris, sau og tidleg-poteter, og me har eit hyttefelt der me sel hytter på festetomt. Nå, våren 2020, har me dessutan planta vel 1700 vindrueplantar, og målet er å produsere vår eigen vin etterkvart.
Kjekt at du fann oss! Under her kan du lesa bloggen vår. Vil du lesa meir om det me jobbar med, kan du finna det i menyen oppe til høgre.

Ha ein fin dag!