1150 Solaris er planta

Dette har sanneleg vore ei begivenheitsrik veke på garden. Det mest gledelege var sjølvsagt når me fekk melding om at vindruene våre var komne. Nesten som ein barnefødsel!
N e s t e n 😉

Kjapt oppsummert har dette skjedd:

  • Måndag og tysdag var det potetsetting over ein låg sko. I år er det sorten Solist som får rå i åkeren. Det vart ikkje plass til mandelen i denne omgang, men me ser.
  • Tysdag begynte også bonden å bore hol til drueplantene med  det nyinnkjøpte jordboret.
  • Onsdag lemte den siste sauen, så då kan me seia at lemminga er ferdig for i år. Denne dagen planta me også litt i åkeren: Sommar- og vintergulrot, rødbeter, mangold og pastinakk. Og: Denne dagen kunne Suldal kommune ønskja alt hyttefolket velkommen til kommunen igjen – det var ei gild melding å få.
  • Torsdag fekk me omsider plantene våre til gards. 1475 i talet (me skal henta 200 til seinare på våren). Same dag fekk me besøk av våre gilde pådrivar Astrid Brommeland, som me har å takka for at me i det heile tatt kom i gang med dette.
  • Fredag planta me 250 Solaris (kvit) i strålande fint sommarvêr. Då vaia det fint i vimplar frå hyttene rundt oss, og jammen var me heldige og fekk ei hytte-tante med på plantinga. Om kvelden fekk me nytt bor til gards. Det funka ikkje så godt me det me kjøpte, så me heiv oss rundt og leigde eit hydraulisk bor som Suldal Transport heiv seg rundt og henta for oss i Holmestrand.
  • Resten av helga fekk me sett ytterlegare 800 Solaris, så nå ligg me godt an. Søndag kveld kan me slå fast at alle hol som borast kan nå er bora. I tillegg må me spa opp plass til druene der det er brattast. Nå gjenstår å setta 100 Solaris, 150 Rondo (blå)og 75 Leon Millot (blå).

Vindrueplantane er barrortsplantar som me har kjøpt via Grubbestad Gård. Dei har stått lagra kaldt sidan me fekk dei, og så har me tatt opp sirka så mange me trur me klarar setta og sett i vatn i 12-24 timar før planting.

 

Vindrueplanting 2020 from Ryfylke fjordhage on Vimeo.

Arild borer hol til plantene from Ryfylke fjordhage on Vimeo.

Potetsetting 2020 from Ryfylke fjordhage on Vimeo.

Solaris – 1100 planter from Ryfylke fjordhage on Vimeo.

Legg igjen en kommentar