Kategorier
Blogg

Lamming 2021

DatoLevande fødte
23/31
26/32
26/34
27/33
28/32
28/32
30/32
30/32
1/43
4/42
4/44

Kategorier
Blogg

Ferdig planta og gjødsla

Status nå i slutten av veka er altså at me har fått alle plantane i jorda:

  • Fredag 250 Soliaris
  • Laurdag 400 Solaris
  • Søndag 400 Solaris
  • Måndag (då var me litt punkterte) 100 Solaris
  • Tysdag 150 Rondo og 75 Leon Millot

Seinare i mai skal me henta 200 planter til, dei er det sett av plass til øvst i feltet.

Onsdag gjekk Arild og heiv på gjødsel: Marihøne hønsegjødsel økopellets. Det var venta regn på kvelden, så det passa fint. Neste trekk nå er å etterfylle med jord, då ein del av holene ikkje vart heilt fylte. Sidan skal det duk på.

Nå er grisinga starta for denne gong, og da blir noko anna av bondens arbeid lagt til side mens det står på. Som regel er grisinga gjort på ei veke.

Kategorier
Blogg

1150 Solaris er planta

Dette har sanneleg vore ei begivenheitsrik veke på garden. Det mest gledelege var sjølvsagt når me fekk melding om at vindruene våre var komne. Nesten som ein barnefødsel!
N e s t e n 😉

Kjapt oppsummert har dette skjedd:

  • Måndag og tysdag var det potetsetting over ein låg sko. I år er det sorten Solist som får rå i åkeren. Det vart ikkje plass til mandelen i denne omgang, men me ser.
  • Tysdag begynte også bonden å bore hol til drueplantene med  det nyinnkjøpte jordboret.
  • Onsdag lemte den siste sauen, så då kan me seia at lemminga er ferdig for i år. Denne dagen planta me også litt i åkeren: Sommar- og vintergulrot, rødbeter, mangold og pastinakk. Og: Denne dagen kunne Suldal kommune ønskja alt hyttefolket velkommen til kommunen igjen – det var ei gild melding å få.
  • Torsdag fekk me omsider plantene våre til gards. 1475 i talet (me skal henta 200 til seinare på våren). Same dag fekk me besøk av våre gilde pådrivar Astrid Brommeland, som me har å takka for at me i det heile tatt kom i gang med dette.
  • Fredag planta me 250 Solaris (kvit) i strålande fint sommarvêr. Då vaia det fint i vimplar frå hyttene rundt oss, og jammen var me heldige og fekk ei hytte-tante med på plantinga. Om kvelden fekk me nytt bor til gards. Det funka ikkje så godt me det me kjøpte, så me heiv oss rundt og leigde eit hydraulisk bor som Suldal Transport heiv seg rundt og henta for oss i Holmestrand.
  • Resten av helga fekk me sett ytterlegare 800 Solaris, så nå ligg me godt an. Søndag kveld kan me slå fast at alle hol som borast kan nå er bora. I tillegg må me spa opp plass til druene der det er brattast. Nå gjenstår å setta 100 Solaris, 150 Rondo (blå)og 75 Leon Millot (blå).

Vindrueplantane er barrortsplantar som me har kjøpt via Grubbestad Gård. Dei har stått lagra kaldt sidan me fekk dei, og så har me tatt opp sirka så mange me trur me klarar setta og sett i vatn i 12-24 timar før planting.

Vindrueplanting 2020 from Ryfylke fjordhage on Vimeo.

Arild borer hol til plantene from Ryfylke fjordhage on Vimeo.

Potetsetting 2020 from Ryfylke fjordhage on Vimeo.

Solaris – 1100 planter from Ryfylke fjordhage on Vimeo.

Kategorier
Blogg

Levegg til vindruene er på plass – nå venter me på plantene

Så kunne me endeleg seia oss ferdige med pålinga. Denne veka hare me fått opp levegg til plantene, som skal beskytta dei mot vinden. Det er ein plastduk som slepp gjennom ca. 10% av vinden. Den skal me ha til me får planta noko le-planting Me har ikkje bestemt oss heilt for kva <em>det</em> skal vere, men i gruppa Norske Druedyrkere har me fått tips om hegg og andre tre som kan eigna seg.

Kategorier
Blogg

Hentar smågris

Jammen kom det snø … Ikkje at det er så uvanleg, men litt rart når me har hatt så fin våre til nå. Men det går over! I dag har Nortura vore og henta smågris hjå oss. Dette er griser som skal til andre grisehus der dei skal alast opp til slaktegris. I mange årkjørte me gris sjølv, men nå er det altså Nortura som tar seg av den biten. Stort sett havnar grisene våre i området Sandeid-Bjoa.

Kategorier
Blogg

Vårvinna er i gang

Det har vore skikkeleg vêr for skitkøyring nå, med sol og fint – og med regn i vente. Då har ponnien vore i aktivitet, og nå får den ein velfortent vask 🙂 Og med det kan ein trygt seia at vårvinna er i gong.

Sauene og lamma vart slepte ut på beite i går. Det er alltid eit kjekt vårteikn!

Kategorier
Blogg

Ut på beite – vårsleppet

I dag var det skikkeleg fint og vårlig vêr, så då fekk lamma komma seg ut på beitet. Det er alltid så fint å sjå korleis dei spring og hoppar når dei får komma seg ut! Dei eldste lamma er nå ein månad gamle. Lamma får gå ute så lenge det er vêr til det. Blir det kaldt og snø, så tar me dei inn.

Kategorier
Blogg

Påling pågår

Dette er ein møysommelig prosess, som me heldigvis ikkje treng gjera meir enn ein gong i denne omgang. Prosessen har vore:
Kategorier
Blogg

Rydding i stranda

Minste føre å rydda når andre har vore og gjort forarbeidet!

Kategorier
Blogg

Lemming 2020

Det blei tidleg lemming i år. Det viser seg at ein vær som har gått med sauene i nokre år nå brått fekk noko ungdommeleg overmot i fjor på seinsommeren og har parra seg med halve flokken. Sånn kan det gå. Heldigvis er det så langt ein mild vinter, så me får håpe at me kan sleppa dei ut etterkvart.