Bondebønner spirer

I fjordhagen er det fleire som har planta bondebønner i åkeren og pallekarmar, og det ser så godt ut! Me har latt oss inspirere og har sett nokre bondebønner til forkultivering. Utfordringa med dei er at dei veks så fort. For at dei ikkje bare skal bli lange og pinglete, har me flytta dei inn på soverommet ei stund. Der er det både mørkare og meir kjølig enn på kjøkkenet, naturleg nok. Så får me håpe dei held seg til me kan plante dei ut i pallekarmen i april.

Legg igjen en kommentar