Garden Bakkjen

Om garden

Me bur faktisk i Skogli! Det gleder ein Levi Henriksen-fan (bøkene hans er frå den fiktive bygda Skogli, må vite).

Garden Bakkjen ligg på Hebnes i Suldal kommune i Ryfylke. Me har 110 årspurker i smågrisproduksjon, 50 vinterfôra sau og tidlegpoteter. I tillegg driv me hytteprosjektet Ryfylke fjordhage, der me sel hytter på festa tomt. Nå i 2020 har me planta vindruer for første gong, og målet er å kunne produsera vår eigen vin.

Postkontor og iskiosk

Arild tok over garden etter foreldra sine i 1988. Då var det mjølk og ungdyr samt høns som var hovudproduksjonen på garden. Me bygde grishus i 1995 og slutta med mjølk i år 2000.

Foreldra til Arild dreiv postkontoret på Hebnes. Margrethe var poststyrar og Lars var landpostbod. Postkontoret var i Bakkjen i tre generasjonar, frå Lars og Hanna tok over i 1917, til det vart lagt ned i 1997. Farmora og farfaren til Arild dreiv også postkontoret. I tillegg dreiv farmora eit lite utsalg av is, men ryktene vil ha det til at ho nok ikkje tente stort på det. Ungane som kom for å handle fekk som regel ikkje  betale.

Gammalt bilde av ungane i Bakkjen.
Gamlehuset i Bakkjen, ca 1950. Til høgre er eldstemann Lars, far til Arild.

Sjuande Lars på garden

Garden vår har vore i vår familie si eige sidan 1842. Drivarane den gongen heitte Lars Olsen Hebnes og Anna Hermansdotter.  Sidan då har det vore ein Lars på garden i kvar generasjon:

  1. Lars Olsen Hebnes 1811-1862
  2. Lars Larssen Hebnes 1835-1911
  3. Lars Larssen Hebnes d.y. 1865-1952
  4. Lars Hebnes 1901-1985
  5. Lars Hebnes 1933-2008
  6. Lars Terje, bror til Arild
  7. Lars, sonen vår
Bilde av garden Bakkjen fra ca 1990.
Garden Bakkjen, 1990. Postkontoret var i det gule huset i midten, i kjellaren. Driftsbygningen til høgre husa høner og kyr. Våningshuset til venstre vart rive då Arild skulle bygge vårt hus. Tomta vår har eige gards- og bruksnummer og den heiter faktisk Skogli! Det gleder ein Levi Henriksen-fan (bøkene hans er frå den fiktive bygda Skogli, må vite).