Påling pågår

Dette er ein møysommelig prosess, som me heldigvis ikkje treng gjera meir enn ein gong i denne omgang.

Prosessen har vore:
Først etablerte me retningen nord-sør, slik at rastene vender sørover. Dette fordi drueplantene skal ha mest muleg sollys, og med sørvendt planting kjem sola til mellom rastene.

Me brukte laser for å laga retninga på radene. Me sette ned punkter der stolpane skulle stå, i 20 rader av varierande lengde.

Så var det sjølve pålinga. Då har me erstatta kvart punktmerke med ein påle. Det er fire meter mellom kvar påle, og me har brukt bensindriven pålehammar til dette.

Pålane me har brukt er 2,5 meter høge, somme er 6 cm tjukke, somme er 8. Dei tjukkeste har me i endane på radene, og på den ytste rada. Mellom pålane skal me binda opp streng, fire i høgda (enkel nederst og øvst, dobbel i midten), som plantene skal klatra i.

For å gjera det enklare å jobba, har me laga veg på tvers i feltet. Radene er heller ikkje laga veldig lange. Me vil ikkje ha maskiner inne i feltet, og derfor må me gjera at det ikkje blir så alt for langt å gå.

Så har det jo blitt ein del restriksjonar, på grunn av koronaen. For oss på gardane er det ikkje så merkbart ennå. Kvardagen går relativt som vanleg, og enn så lenge får me alt me treng til drifta på butikken og apoteket lokalt. Om dette får noko å seia for drueplantene, som skal komma frå Tyskland, veit me ikkje ennå.  Når ein ser kva fryktelege konsekvensar dette får for folk rundt om i verda, er det uansett ikkje mykje å syta for, tenker me, om me må venta noko lenger på vinplantane våre.

 

Legg igjen en kommentar