Potet Solist

Poteter

Sirka rundt St. Hans opnar me sal av tidlegpotet i garasjen vår. Me leverer også til Joker-butikken her på Ropeidhalvøya, Dei siste åra har me hatt sorten Solist, som er ein fin og kokefast potet. Dei minste er bare fantastiske å ha i steikeovnen med grovt salt og olje på. Vil du koke dei, er vårt tips å koke dei på rist slik at dei ikkje koker i stykker.

Me starta med poteter i 2004. Dei første åra hadde me både tidlegpotet og poteter til vinterlagring. Dei siste åra har me hatt kun tidlegpotet, og ungane på garden har hatt poteter som sin sommarjobb i ei årrekkje.