Rydding i stranda

Minste føre å rydda når andre har vore og gjort forarbeidet!

Me leiger beite av gode naboar, og til beitet følgjer det fine strender som det dessverre rek mykje graps opp på i løpet av vinteren. I år var det veldig mykje tang og tare, og mykje drivved å finna. Men plasten, den fann me ikkje mykje av – og det er fordi kjekke ungdommar på Hebnes og hyttefolk rundt oss har vore og plukka både ein og to og tre gonger i vinter.

H u r r a for dykk! Det er ein så viktig jobb de gjer.

Me tre samla saman det me vann av resten, og kjørte vekk det som gjekk å kjøra vekk. Dessverre er det så vått i bakken at det meste får ligga i dunge og venta på betre tider. Me nå ligg det i alle fall i haug og reker ikkje ut i vatnet igjen.

Den yngste og den eldste på garden.
Den yngste og den eldste på garden.

Strandrydding

Strandrydding i Børevika
Strandrydding i Børevika

Legg igjen en kommentar