Om garden

Garden Bakkjen ligg på Hebnes i Suldal kommune i Ryfylke. Me har 110 årspurker i smågrisproduksjon, 50 vinterfôra sau og tidlegpoteter. I tillegg driv me hytteprosjektet Ryfylke fjordhage, der me sel hytter på festa tomt. Nå i 2020 har me planta vindruer for første gong, og målet er å kunne produsera vår eigen vin.

Postkontor og iskiosk

Arild tok over garden etter foreldra sine i 1988. Då var det mjølk og ungdyr samt høns som var hovudproduksjonen på garden. Me bygde grishus i 1995 og slutta med mjølk i år 2000.

Foreldra til Arild dreiv postkontoret på Hebnes. Margrethe var poststyrar og Lars var landpostbod. Postkontoret var i Bakkjen i tre generasjonar, frå Lars og Hanna tok over i 1917, til det vart lagt ned i 1997. Farmora og farfaren til Arild dreiv også postkontoret. I tillegg dreiv farmora eit lite utsalg av is, men ryktene vil ha det til at ho nok ikkje tente stort på det. Ungane som kom for å handle fekk som regel ikkje betale.


Gamlehuset i Bakkjen, ca 1950. Til høgre er eldstemann Lars, far til Arild.
Sjuande Lars på garden

Garden vår har vore i vår familie si eige sidan 1842. Drivarane den gongen heitte Lars Olsen Hebnes og Anna Hermansdotter. Sidan då har det vore ein Lars på garden i kvar generasjon:

Lars Olsen Hebnes 1811
Lars Larssen Hebnes 1835
Lars Larssen Hebnes d.y. 1865
Lars Hebnes 1901
Lars Hebnes 1933
Lars Terje, bror til Arild
Lars, sonen vår


Bilde av garden Bakkjen fra ca 1990.
Garden Bakkjen, 1990. Postkontoret var i det gule huset i midten, i kjellaren. Driftsbygningen til høgre husa høner og kyr. Våningshuset til venstre vart rive då Arild skulle bygge vårt hus. Tomta vår har eige gards- og bruksnummer og den heiter faktisk Skogli! Det gleder ein Levi Henriksen-fan (bøkene hans er frå den fiktive bygda Skogli, må vite).