smågris

Smågris

Det er grisen som er hovudproduksjonen på garden. Me har om lag 110 årspurker. Me var tidleg ute med puljedrift og har nå i mange år drive med 7 verkes puljer. Det betyr i praksis at det er grising hjå oss kvar sjuande veke. Då er det sirka 35 purker som griser på ein gong, og grisinga pleier vara ei veke. Vanlegvis får purkene 13-14 ungar i snitt. Då er det livleg og triveleg i grishuset. Grisungar er kvikke og livlige og lagar mykje lyd og leven, skikkelege rakkerfantar er dei.

Meir om griser kan du lesa i bloggen vår.