Vin Ryfylke

Vin frå Ryfylke

Kan ein dyrke vindruer og lage eigen vin i indre Ryfylke? Vi er optimistar og har tru på at det lar seg gjere.

Vi har nå, våren 2020, planta vindruer med føremål om å produsere eigen vin. I år har vi planta ca 1700 planter, hovudsakleg Solaris, men også Rondo, Leon Millot, Tor, Norse Odin, Idun, Rosling og Dorm 2. Solaris er ei grøn drue som gir smaksrike og friske vinar.

Feltet med druer ligg sørvendt til, 50 meter frå fjorden, på garden vår Bakkjen på Hebnes i Ryfylke. Målet er å plante dobbelt så mange neste år.

Ryfylke-vin

Vi ønsker å produsere ein knasgod Ryfylke-vin som kan komme for salg i 2022. Sorten Solaris er ein art som skal eigna seg svært godt for dyrking i Skandinavia.

Kan ein dyrke vindruer og lage eigen vin i indre Ryfylke? Vi er nøkterne optimistar og trur det lar seg gjere.

Om me ikkje har syden-temperaturar her inne i Ryfylke, så har me til gjengjeld lange og lyse sommardagar med mykje godt vekstlys, og kjølige haustar som passar Solaris godt.

Motivasjonen

Etter å ha drive som heiltidsbonde på gris, sau og poteter i meir enn 25 år, såg bonden på garden for seg at det var på tide å prøve noko nytt som muligens kunne erstatte smågrisproduksjonen over tid. Når ein er bonde frå inst i sjela måtte det bli noko som gjorde at han kunne halde fram med akkurat det. Å gå på jobb utanfor garden var ikkje aktuelt.

Dette, kombinert med ein iderik og entusiastisk rådgjevar frå Fylkesmannen, og bondens ønskje om å dyrka meir enn potet, sette oss i gong med ideen om vindruer. Langt tilbake i tid fekk me høyre at ein forskar på Ås meinte Hebnes eigna seg godt til dyrking av vindruer, og nå var me klare for å ta han på ordet.

Mentor-ordning

Det er viktig for oss å ha slike gode krefter med på laget. Me har dessutan fått støtte til dette prosjektet frå Innovasjon Norge, mellom anna til ei fadderordning. Det har gjort at me nå har vore så heldige å få ein rivande dyktig mentor, Bjørn Bergum, som me kan få henta råd og rettleiing frå både på dyrking og vinifisering. Bergum produserer premie-vinar oppe i Sogndal, og me er svært glade for at me skal få hausta av hans erfaring her nede i Ryfylke.